Bil-dekor og foliering

Vi designer og utarbeider skisser og monterer bil-dekor/reklame frå nøyaktige, skallèrbare teikningar. Vi har meir enn 4000 skrifttypar og ein database med meir enn 2000 teikningar av bilmerke og modellar.

Reklameanalysar viser at bilreklame i trafikken "leses" i snitt av omlag 5000 menneske pr. dag. Noko å tenke på...

Vi tilbyr heilfoliering av bilar, hengar, snøscooter osv. Ved ­heilfoliering kan ein bytta farge ved å leggja folie utanpå ­lakken. Folien fungerer samtidig som beskytting.

Når ein fjernar folien er lakken like fin. Heilfoliering er svært krevande å montera, men vi har dyktige montørar for å få det beste resultatet. Beskyttelsesfolie, eller transparent folie er ein folie som kan leggast der lakken får hard medfart. Typiske plassar er bak på støtfangaren, inne i bagasjeromet, kanalane ved inn og ustiging samt dører og dørkantar.

Kvifor 3M solfilm på bilruter?

  • Solfilmen gjer det komfortabelt når du køyrer.
  • Inntil 63% solskjerming held varmen ute.
  • Svalt og behageleg i bilen.
  • Reduserer bruken av bilens airconditionanlegg.
  • Reduserer blendande lys.
  • Reduserer falming av interiør.
  • 99% av UV-stråling vert filtrert vekk.

3M solfilm heiter color-stable på grunn av at den er 100% farge­ bestandig, og vil difor ikkje falma i sollys. Solfilmen 
har ei ­ripesikker overflate som 3M garanterer. Solfilmen fins i fleire mørkheiter.

Solfilm finnes også til vinduer/fasadevinduer. Solfilmen ­reduserer innsyn og gir ein behageleg innetemperatur.

Odda Trykkeri AS er sertifisert og godkjent av 3M for montering av solfilm. Dette garanterer kvalitetsmessig utføring av monteringa.